Reguleringsmessige forhold
Eiendommen er regulert til fritidsbebyggelse i Detaljreguleringsplan - Andersgrenda (H61-H72). Planen
ligger i sin helhet ved i prospektet. Tomten er merket T5.
1.3 Bebygging og anlegg
Grad av utnytting for frittliggande hytter T1-T16
a) Det kan byggast inntil BYA = 200 kvm pr brukseining inkl. hovudhytte, anneks og uthus/garasje på
tomtene T1 - T9.
b) Det kan byggast inntil BYA = 120 kvm pr brukseining inkl. hovudhytte, anneks og uthus/garasje på
tomtene T10-T16.
c) Anneks og uthus/garasje skal kvar for seg ikkje vere over BYA= 40 kvm.
d) Dersom det blir oppført fleire bygningar skal minst eitt bygg ha hovudmøneretning parallelt med
høgdekotane.
Terrengtilpassing/vegetasjon for tomtene
a) Bygningane skal ligge lågt i terrenget og tilpassast eksisterande terreng på tomta.
b) Det er ikkje tillate å planere ut over det som er nødvendig for ei føremålstenleg plassering av hytte og
uthus. Det kan oppførast tørrmur i skjering bak hytta. Det er ikkje tillate med større tørrmur i framkant av
hytta.
c) Vedlagd byggesøknaden skal det følgje snitt/profilar som syner bygget si plassering i terrenget.
d) Terrasse skal tilpassast terrenget og trappast ned i nivå der terrenget er skrått. Avstand mellom
terrasse og terreng skal maksimalt vere 80 cm. Rekkverket skal ha jordfargar som harmonerer med
andre bygningar på tomta.
e) Tomta skal behalde sin naturlege vegetasjon.
f) Dersom det blir fylt masse ved tre skal det leggast plast eller liknande rundt stammen.
g) Torv skal takast vare på, leggast til side, for så å verte nytta til å dekke skråningar.
Estetikk
a) På tomtene T1-T16 kan det oppførast hytter med maksimal gesimshøgde 4,9 m og maksimal
mønehøgde 7,5 m målt frå gjennomsnittleg ferdig planert terreng rundt bygget.
b) I området for konsentrert fritidsbebyggelse - hytter/leilegheiter F1 kan det oppførast hytter/leilegheiter
med maksimal gesimshøgde 6,9 m og maksimal mønehøgde 8,4 m målt frå ferdig murkrone.
c) I området for konsentrert fritidsbebyggelse - hytter/leilegheiter F1 (bakre rekke mot nord) kan det
oppførast hytter/leilegheiter med garasjekjellar, med maksimal gesimshøgde 8,9 m og maksimal
mønehøgde 10,3 m målt frå gjennomsnittleg planert terreng rundt bygga.
d) Høgde på synleg grunnmur skal ikkje vere over 50 cm over ferdig planert terreng.
e) Bygningane skal ha saltak- og/eller pulttak/sammensatte takflater med takvinkel 20-35 grader.
f) Bygningane skal ha ein harmonisk og arkitektonisk god utforming og god materialbruk.
g) Taktekking skal vere torv, skifer eller tre.
e) Alle bygg skal ha matte og dempande fargar.
f) Hytteområda eller den enkelte hyttetomta skal ikkje gjerdast inn.